Personvernerklæring

Om Jæren Innkjøp

Jæren Innkjøp er eit konsept under etablering. Adrian Bislimi er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar.

Kva opplysningar samlar me inn?

Når du nyttar kontaktskjemaet vårt, samlar me inn namn, verksemd, e-postadresse og innhaldet i meldinga di.

Føremålet med behandlinga

Opplysningane blir brukte til å svare på førespurnader, kartleggje innkjøpsbehov og følgje opp mogleg samarbeid.

Behandlingsgrunnlag

Opplysningane blir behandla på grunnlag av ei legitim interesse i å svare på og følgje opp førespurnader.

Lagring av opplysningar

Kontaktskjemaet blir handtert gjennom Framer, og førespurnader blir mottekne gjennom Outlook.

Førespurnader som ikkje fører til samarbeid, blir sletta etter 90 dagar.

Dine rettar

Du har rett til å be om innsyn, retting, sletting og avgrensing av behandlinga, og til å protestere mot behandlinga. Du har òg rett til å klage til Datatilsynet.

Kontakt

Ved spørsmål om personvern kan du kontakte:

Adrian Bislimi
Jæren Innkjøp
adrian.b@live.no